Bondebladet
21.04.2016
Bondelaget serverte frukost og appellar framfor Stortinget sist veke, og mange politikarar dukka opp i den fine vårsola.
Handwerk, eit surdeigsbakeri ved Mathallen i Oslo, stod bak maten. Den smakte og vårsola varma.
Folk surra rundt og prata landbruk, medan Tuva Syvertsen, kjent frå Valkyrien Allstars, stod for det musikalske.
Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen meiner norsk landbruk er ein suksesshistorie.
- Det er berre å sjå på den auka produktiviteten, sa han.
Andreassen la vekt på at norske bønder må fortsetje å lage kvalitetsmat samtidig som ein søkjer nye marknader og utviklar nye produkt.
Sjef�


































































































