* Dei ti prosentane med lågast løn har hatt ein reell lønsvekst på berre 3 prosent frå 2006 til 2016.
* Dei ti prosentane med høgast løn har hatt ti gongar så stor lønsvekst som dei lågtlønte dei siste ti åra.
* Ulikheita i fordelinga av lønssummen har auka med 13 prosent i same periode.
(Artikkelen held fram under diagrammet.)
Forskjell på folk
FriFagbevegelse har undersøkt leiarløningane til toppsjefane i dei hundre største selskapa i Noreg: I snitt har dei ei årsløn på 6,7 millionar og brukar 21 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg norsk årsløn.
Men det er altså ikkje berre sjefane i dei største selskapa som kjem godt ut av det: Dei ti prosentane som hadde høgast løn i 2016 brukar 69 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg løn for dei ti prosentane som tente minst i fjor.
Aukande forskjellar
Auken i skilnad i fordeling av lønssummen til heiltids


































































































