Han er førstelektor i retorikk ved Institutt for informasjons og medievitskap ved Universitetet i Bergen, og før jul disputerte han med avhandlinga «The Rhetoric of Networked Publics. Studying Social Network Sites as Rhetorical Arenas for Political Talk». Meir konkret har Vatnøy forska på korleis politisk kompetente aktørar har omfamna sosiale medium som deira primære arena for samfunnsdebatt.
- Professorar synest ikkje nødvendigvis det er gøy å snakka med drosjesjåførar - sjølv om dei kan, seier Vatnøy.
Forventar individuell meining
Ein snakkar om ei Facebook-offentlegheit og om Facebook-Høgre, og om ein «skravleklasse» på Twitter. Men kven er det som diskuterer på desse plattformene? Og kva diskuterer dei? Vatnøy seier at Noreg er eit interessant døme på korleis ein diskuterer i sosiale medium: Digitaliseringa er utbreidd, tradisjonelle medium er effektivt digitalisert, ein har eit lite språkfellesskap og ei temmeleg egalitær offen


































































































