Sammendrag
Bakgrunn: Samhandlingsreforma har ført med seg endring i arbeidsoppgåver og kompetansekrav for kommunalt tilsette sjukepleiarar. Det har vore ein auke i komplekse, pasientretta oppgåver, og sjukepleiarane har fått ein travlare kvardag der behovet for kompetanseheving er stort. Denne studien er ein del av ein større kvantitativ studie (NursComp) der forskargruppa har undersøkt sjukepleiekompetanse i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane.
Føremål: Føremålet med studien er å beskrive korleis sjukepleiarar i kommunehelsetenesta arbeider med kompetanseutvikling, og kva utfordringar sjukepleiarane møter i arbeidet med slik utvikling.
Metode: Vi hadde ei kvalitativ tilnærming, og vi gjennomførte to fokusgruppeintervju i to kommunar i Sogn og Fjordane. Utvalet omfatta seks sjukepleiarar frå kommune 1 og åtte frå kommune 2.
Resultat: Sjukepleiarane beskriv mange faktorar som påverkar dei i arbeidet med å halde seg fagleg oppdaterte - mellom anna fellesskap med kollegaer, refleksjonstid, tidspress, økonomiske faktorar og mangel på tilrettelegging frå leiarane.
Konklusjon: Sjukepleiarane har plikt til å vere fagleg oppdaterte for å møte krava i helsetenesta. Dei må saman med leiaren sin planlegge arbeidsdagen slik at den faglege oppdateringa får ein naturleg plass. Leiarane har ei viktig rolle i å legge til rette for kompetanseutvikling.
Kommunale helse- og omsorgstenester har vore gjennom omfattande strukturelle endringar dei seinare åra (1, 2). Samhandlingsreforma (1) har ført til endringar i arbeidsoppgåvene for kommunalt tilsette sjukepleiarar, og sjukepleiarane beskriv at dei har fått fleire og meir komplekse pasientretta oppgåver.
Definerte pasientgrupper skal få ein større del av helsetilbodet sitt utanfor spesialisthelsetenesta, blant anna pasientar med kols, diabetes, demens, kreft, enkelte former for psykiske lidingar og rus. Sjukepleiarane må difor auke kompetansen sin innanfor observasjon og kartlegging av desse pasientgruppene, slik at sjukdomsendring kan bli oppdaga tidleg. Reforma set også sett større krav til samhandlingskompetansen til sjukepleiarane. (1, 3-8).
Trass i desse utfordringane meinte deltakarane i studien vår at oppgåvene var spennande, utfordrande og gjevande for sjukepleiarane (3, 9, 10), men det er usikkert om det fagl


































































































