Ei investering blir gjort med sikte på produksjon i fleire tiår. Investeringstilskot er difor ikkje eit egna virkemiddel for marknadsbalansering med kortare perspektiv. Skulle ein stimulere til lågare produksjon ville truleg endra husdyrtilskot eller slaktetilskot vera meir effektivt.
I 2015 utgjorde summen av alle tilskot til vinterføra sau 2.957 kroner per dyr for eit bruk med 160 vinterfôra sau. Investeringstilskot var på 45 kroner per vinterfôra sau, og det utgjer 1,5 prosent av totalen. Til samanlikning auka til dømes tilskota til vinterfôra sau i gjeldande jordbruksavtale med 50 kroner for dei første 100 sauene. Styrkinga av totaløkonomien i sauehaldet i årets jordbruksoppgjer gir åleine større produksjonsincentiv enn investeringstilskotet. Denne prioriteringa var jordbruket

































































































