BUSKAP
30.10.2017
Noralv Sandvik, som er fôringsrådgivar i Tine og med i Tine Topp Team Fôring, har ei klar oppmoding til alle som driv med storfe om å prøva å ta tak i fôringa, slik at ein unngår feite kyr.
Den norske kua vert stadig feitare, og dette er nok relatert til ynskje om høgare mjølkeyting som i mange tilfelle fører til meir og feil bruk av kraftfôr i laktasjonen, seier Noralv Sandvik. - Feite kyr har dårlegare fruktbarheit, auka risiko for mellom anna mjølkefeber, ketose, løpedreining, mastitt, beinproblem og eggstokkcyster. I tillegg har dei ofte dårlegare mjølkeyting fordi dei har dårlegare grovfôropptak i tidleg laktasjon i høve til dyr som er i rett hold. Noralv som er sivilagronom frå Norges landbrukshøgskole, har brei erfaring med fôringsrådgiving, og har alltid vore spesielt interessert i fôring. I tillegg til rådgiving av bønder, leiger mellom anna NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) han inn for undervisning i fôring for veterinærstudentar. Det er ikkje lett å gi generelle fôringstips, utan at me har eitt mål å jobba mot, men nokre tips kan eg prøva å komma med, smiler den sympatiske rådgivaren.
Fleire bør fôra etter planlagt avdrått
Når ein fôrar etter planlagt avdrått så set ein seg mål for kor mykje kyrne skal mjølka og fôrar etter dette, og dei får 60 dagar på å visa at dei kan respondera på fôringa. I dette opplegget bør ein kjenna grovfôrkvaliteten, og dei må ha fri tilgang på grovfôr.
- Dette fôringsregimet
Gå til medietFleire bør fôra etter planlagt avdrått
Når ein fôrar etter planlagt avdrått så set ein seg mål for kor mykje kyrne skal mjølka og fôrar etter dette, og dei får 60 dagar på å visa at dei kan respondera på fôringa. I dette opplegget bør ein kjenna grovfôrkvaliteten, og dei må ha fri tilgang på grovfôr.
- Dette fôringsregimet


































































































