Ho er professor i fransk språkvitskap og nyleg valt inn i Det Norske Videnskabs-Akademi. Torsdag har akademiet møte i Bergen - ei sjeldan hending. Då skal Fløttum, saman med professor Vigdis Vandvik, ha føredrag om klima.
Eg trur nok dei ville ha nokre bergensforskarar når møtet først er i Bergen, seier Vandvik til På Høyden.
Akademiet sitt hus er jo i Oslo, så det er der det meste skjer.
Vandvik vart valt inn i akademiet i fjor og er professor i biologi ved Universitetet i Bergen (UiB).
Må fylla 70 - eller døy
Å bli medlem i Det Norsk-Videnskabs-Akademiet er ikkje for kven som helst. No er det 901 medlemmer, delt i fleire grupper. Men for at det skal verta ledig plass, må eit eksisterande medlem fylla 70 - eller døy.
Det er noko ek


































































































