- Skular vil bli lagt ned og det vil bli færre eldre som får plass på sjukeheim. Det er konsekvensane av regjeringa sine planer om å kutte i kommunane sin eigedomskatt, seier leiar av rådmannsgruppa i Fagforbundet. Sjå kor mykje kommunen din taper.
Både Høgre og FrP er kritiske til eigedomskatt som dei meiner rammar næringslivet. I statsbudsjettet foreslår regjeringa at kommunane skal kreve inn 800 millionar mindre i året i eigedomskatt frå næringslivet. Leiar av Fagforeningen for rådmenn i Fagforbundet er sterkt kritisk til forslaget:
- Det seier seg sjølv at bortfall av 800 millionar kroner til norske kommunar vil få dramatiske konsekvensar. For dei kommunane dette gjeld vil det bety kutt i årsverk knytt til skular, barnehagar og eldreomsorg. Innbyggarane i fleire av desse kommunane må rekne med nedlegging av skular, barnehagar og sjukeheimsplassar, seier Arve Varden som til dagleg jobbar som rådmann i Høyanger kommune.
SJÅ ALLE KOMMUNANE SOM BLIR RAMMA HER
Vil kutte maskinskatten
Om regjeringa får fleirtal for forslaget vil eksempelvis Varden få rundt ti millionar mindre han kan bruke på velferd i Høyanger kommune. Regjeringa ønskar å gradvis trappe opp kutta i eigedomsskatt og ha ei overgangsperiode på fem år. I dag kan kommunane kreve inn eigedomskatt på tomter, bygg og maskiner eigd av næringslivet. No vil regjeringa forandre lova slik at kommunane ikkje kan skatte utstyret,


































































































