BBordet til Vidar Eide i Tørvikbygd er fullt opp med aviser og leksikon. Helsa er bra. Eide bur åleine i huset, men han et middag hos sonen og familien like ved.
Vidar Eide er født 3. juli 1914. Han er den eldste medlemmen i Norges Bondelag. Eide les Nationen dagleg, og Bondebladet og lokalavisa, når dei kjem i postkassen.
Mobiltelefonen heng rundt halsen. Det var barnebarnet, Britt Eide, som overbeviste bestefaren om at mobiltelefon var ein god idé.
- Eg er døypt same dagen som første verdskrig starta. Det var ein sundag, og dagen etterpå vart kalla den galne måndagen. Det var fordi så mange ville hamstra inn korn og andre matvarer for å sikra seg og familien, seier Vidar Eide, som er født i huset han bur i.
Eide hugsar godt dei harde åra på 1920- og 30-talet.
- Eg las mange saker om tvangsauksjonar i Nationen på denne tida. Det var mange konkursar og saker i avisa som gjekk innpå oss, fortel han.
Mjølk

































































































