AddToAny

Vil ha debatt om UiBs nye Statoil-avtale

Vil ha debatt om UiBs nye Statoil-avtale
Oljeforskingsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Statoil skal reforhandlast. Tilsette og studentar krev openheit om forhandlingane.
I eit ope brev til styringsgruppa for Akademiaavtalen ber dei om meir debatt kring kva som kan vere akseptable rammer for ein slik avtale.

Akademiaavtalen er ein rammeavtale om forskingssamarbeid som sist vart fornya i 2013 og går ut neste år. Gjennom avtalen har UiB dei siste fire åra fått 55 millionar kroner til forsking på petroleum og energi. Statoil har tilsvarande avtaler med NTNU og med universiteta i Oslo og Stavanger. Då avtalen vart inngått for fire år sidan, kom det sterk kritikk frå tilsette som meinte at avtalen forlenga oljealderen og hindra nødvendig omstilling, og at delar av avtalen som omhandla publisering og eigarskap til forskingsresultat, kom i konflikt med den akademiske fridomen til UiB-forskarar. Det førte til ein nasjonal debatt om kva plass petroleumsforsking bør ha ved norske institusjonar, og kva ansvar institusjonane har for å medverke til energiomstilling og grønt skifte.

Saknar oppfølging av NENT-vurdering

På bakgrunn av kritikken ba UiB-rektor Dag Rune Olsen om å få ei vurdering av avtalen frå Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT). NENT konkluderte i si vurdering med at det er forskningsetisk uforsvarlig om petroleumsforskningens rammebetingelser og forskningsaktiviteter hindrer omstillingsprosesser slik at FNs klimamål som, Norge har forpliktet seg til, ikke kan nås.

Samstundes rådde NENT universiteta til å medverke til meir openheit og oversikt over omfanget og verknaden av petroleumsforsking og omstillingsforsking. Det er særleg dette punktet brevskrivarane saknar oppfølging av.

- Både Statoil og verda elles ser annleis ut i dag enn for fire år sidan, og det bør få innverknad på utforminga av den nye avtalen, seier professor ved Geofysisk institutt ved UiB, Peter M. Haugan.

Han siktar mellom anna til at klima- og energiomstilling er blitt eitt av tre strategiske satsingsområde for UiB, og at Statoil no definerer seg som eit energiselskap, ikkje berre eit olje- og gasselskap.

- Denne gongen er kanskje meir forsking på fornybar energi også i Statoil si interesse?

Ingen planar om opne møte

Haugan saknar ein open debatt, ikkje berre om resultata som etter kvart kjem fram, men om prioriteringane som skal leggast til grunn for den nye avtalen.

- Det burde vere mogleg å la folk som har meiningar om dette, få kome med idear og innspel. Generelt er opne møte der alle interesserte frå universitetssamfunnet kan delta om dei vil, nyttige i mange samanhengar. Å lage slike areaner kunne vere ein mogleg måte å følgje opp NENTs råd på, seier han.

Det er prorektor Margareth Hagen som leier styringsgruppa for Akademiaavtalen. Ho fortel at dei skal ha første møte om den nye avtalen i slutten av oktober.

- Vi har ingen planar om å arrangere opne møte om dette, men kjem sjølvsagt til å informere om prosessen på vanleg måte, og protokollar og sakslister blir gjort offentleg tilgjengelege. Før sommaren har vi dessutan hatt ein runde med diskusjon og innspel kring kva fagmiljø som kan bidra under ein slik avtale, seier ho.

Hagen trur ikkje avtalen har medverka til å fortrenge forsking på energiomstilling og berekraft, slik NENT åtvara mot.

- Tvert imot, avtalen har vore innretta mot forsking på energi i brei forstand, seier ho.

Men ho vil ikkje spekulere i korleis innhaldet i ein ny avtale kan bli.

- Det kan godt hende at den vil sjå annleis ut enn i dag. Vi veit ikkje kor mykje pengar som vil ligge inne i avtalen, og både verda og fagmiljøa har endra seg. Alt er ope for forhandling.

- Må tene UiBs forskingsprofil

Då Geofysisk institutt ved UiB nyleg arrangerte eit heildags vitskapssymposium i samband med 100-årsdagen for opprettinga av instituttet, vart Akademiaavtalen nemnt i diskusjonen under den avsluttande paneldebatten. Rektor Dag Rune Olsen sa då at UiB har lagt fram for Statoil at dei vil sikre at pengane dei bruker, tener UiB sin forskingsprofil, som dei seinare åra har gått meir i retning av fornybar energi.

- Statoil kallar seg no eit energiselskap og har ein strategidirektør som vil adressere heile energifeltet, og det har vi tenkt å bruke for alt det er verd. På same tid, så lenge vi har forskarar som ønskjer å forske på olje og gass, så har eg ikkje tenkt å ta frå dei den akademiske fridomen deira til å gjere det, sa Olsen.

Ved Universitetet i Oslo ba fleire miljøorganisasjonar nyleg om at UiO ikkje bør fornye sin avtale med Statoil med mindre pengane går til forsking på fornybar energi.

Image-text:

Forskning på olje- og gassvirksomhet møter kritikk i forskningsmiljøene, men forskningen holder frem. Foto: Harald Pettersen, Statoil

Rammeavtalane mellom universiteta og Statoil skal snart reforhandlast. Ill.foto: Harald Pettersen, Statoil

Extra-info:

Fakta

Satsingsområde i Akademiaavtalen mellom UiB og Statoil 2014-2018:

Reservoarprediksjon frå seismikk og brønnmålingar

Redusere gapet mellom måling og modell på alle skalaar

Bergartfysikk, petrofysikk, enabling technologies

Ukonvensjonelle ressursar

Produksjon av gasshydrat

Energiomstilling

Ei tverrfagleg tilnærming med samfunnsvitskap og naturvitskap

Energimetrologi

Geotermisk energi

FME-søknad 2014

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt