Så, du trur du kan forske? Klart det, her er ein clean desk til deg! Kven treng kontor når ein har skjermaaktivitetsbasertarbeidsplass?
Orsak, det heiter Skjerma aktivitetsbasert arbeidsplass. Det skal truleg bety nokolunde det same som kontor, men kontor er gamalt og latin og for lite spenstig til at det høver i eit nybygg. Dessutan erdeteintydig.
Det skal rydjast og byggjast nybygg på Høgskulen, Campus Bergen, og vi skal inn, nissane på lasset som har nytt tilværet i alminnelege kontor der ein kan få gjort dugande arbeid, der ein kan veilede utan forstyrringar, der ein kan vere tilgjengeleg for studentar gjennom arbeidsdagen. Der ein kan late att kontordøra når søknadsfristar og tidsfristar nærmar seg, eller skal førebu forelesingar eller konsentrere seg over tid. Og, der ein kan ha ope dør om ein kjenner seg ein tanke ekstrovertogsprelsk.
Men no er det snart slutt. Og, med nytt bygg


































































































