Sylvi Listhaug sin parole var Å stille krav er å bry seg. Aps nestleiar Hadia Tajik knytte ei politisk forplikting til det: Å stille krav, og å stille opp. Regjeringa fører i dag ein politikk som gir grunn til å spørje kva dei legg i omgrepet bry seg. Aphar enno ikkje gjort det klart korleis dei vil stille opp for den som møter nyekrav.
Bruken av aktivitetsplikt i sosialhjelpa kom til Europa på 1990-talet, inspirert av USA. Sjølv om bruken av krav og vilkår er lik, ser vi to svært ulike strategiar. Rein aktivitetsplikt og utstrakt bruk av sanksjonar, har som siktemål å gjere stønad mindre attraktivt. Medan vi kallar dette workfare, vart aktivering tidleg dominerande i Europa. Ideologisk byggjer workfare på moralske idear om velferdsavhengighet, medan aktivering fokuserer meir på strukturelle årsaker til arbeidsløyse ogfattigdom.
Gjennom fleire forskingsprosjekt har eg følgt utviklinga av denne politikken i ni land på begge sider av Atlanteren sidan 1990-talet. Før finanskrisa i 2008 hadde ei nyliberal bølgje dreia politikken i retning av workfare i Europa. Ti år seinare er Noreg i ferd med å slutte seg til deiandre.
I 1993 innførte Noreg eit tillegg i vilkårsparagrafen s


































































































