Dette var ein av grunnane til at lagmannsretten meiner ho ikkje skal få yrkesskadeerstatning. Saka ligg no hos Høgsterett som i løpet av hausten skal ta stilling.
{f1}
Over ein million kan jobbe heime
Rundt 1,2 millionar nordmenn har moglegheit for heimekontor, viser tal frå SSB. Nye tal frå Fagforbundet si undersøking blant medlemmane i juni viser at litt over halvparten har avtale om heimekontor. Om tala er dei same for resten av befolkninga, vil det seie at minst ein halv million arbeidstakarar står utan individuell avtale om heimekontor.
Staten med strenge krav til yrkeserstatning
Advokat Lindboe seier at om du blir skadd på heimekontor, er det fleire ting Nav og Trygderetten ser på:
- Dei ser på kva slags type jobb du har. Om du berre sporadisk jobbar heime eller om arbeidet heime er av fast karakter. Vidare er praksis i dag at dei ser på om det er hensiktsmessig om du jobbar heime den dagen du eventuelt skadar deg. Og slik kan det umogleg vere. Dette er heilt fjernt frå realitetane


































































































