AddToAny

VURDERING AV DYRETYPE PÅ NRF

VURDERING AV DYRETYPE PÅ NRF
NRF-kua varierar relativt mykje i type, meir enn dei fleste andre mjølkerasar. Å vera bevisst på dette kan vera viktig for å få den kua ein ynskjer i kvar buskap.
Dyretype kan ha stor påverknad på korleis dyret responderar på fôring og stell. Som avlsrådgjevar er det noko av mi oppgåve å prøva å laga rett type ku til kvar produsent. Mi erfaring er at den beste kua i ei besetning kan fungera dårleg i ei anna.

Korleis vurdere dyretype
Først vil eg prøva å forklara korleis me kan vurdera ulike dyretypar ved å beskriva fire «prototypar».
Etterpå kan me sjå litt på korleis me reint praktisk kan nytta dette i avlsarbeidet. Før eg beskriv desse typane er det viktig å påpeika at det er få dyr som passar nøyaktig inn i ein av desse typane. Dei fleste vil vera ein mellomting av desse. Inndelinga av typane er subjektiv og kunne vore gjort på mange andre måtar, men eg opplever at den beskriv variasjonane i NRF-kyr godt. Sjølve inndelinga byggjer på eigne erfaringar og kjende korrelasjonar mellom eigenskapar. Til dømes er det positiv korrelasjon mellom høg slakteklasse og svakt jurfeste bak, mellom stor brystbreidd og lite ketose. Via slike korrelasjonar kan ein få bekrefta eller avkrefta eit inntrykk frå praksis. Avlsrådgjevarane i Tine utfører eksteriørvurdering av kyr for Geno. Saman med besetningsgjennomgangen ved Avlsplan Super får me sett mange avkom etter kvar okse og får danna oss eit bilete av kva som er typisk for oksen utover det ein kan sjå i indeksane.

Avl på dyretype
Dersom ein skal ta hensyn til dyretype i avlsarbeidet må me fokusera på kva hodyr me set på etter og kva genetikk me kjøper inn. Dersom det vert brukt ordinær sæd på alle dyr er det nesten utelukkande fokus på kva oksar ein kjøper sæd etter. Geno ynskjer at alle eliteoksar skal nyttast, men alle bør ikkje nødvendigvis nyttast i alle buskapar. Dersom ein selekterar på kva
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt