Khrono
15.09.2023
- Me har framleis ikkje fått den leveransen me skulle, seier Universitetet i Bergen sin økonomidirektør.
Fem år etter at ein inngjekk ein avtale og snart tre år etter at Universitetet i Bergen (UiB) gjekk over til DFØ sitt økonomisystem, er framleis ikkje alt på plass.
Les merKhrono har skrive mange saker om problema, og fordi alt ikkje har gått knirkefritt, valde universitetsleiinga å legga saka om ein avtale mellom dei fire BOTT-universiteta (Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø) fram for universitetsstyret.
- Me har endå ikkje fått den leveransen me skulle, sa økonomidirektør Per Arne Foshaug i møtet.
Brukar framleis årsverk
I november 2021 skreiv Khrono at fleire hundre tilsette var råka av problem knytt til det nye DFØ-systemet.
I saksframstillinga styret hadde på sitt bord i møtet torsdag 14. september, heiter det at tenester ikkje er ferdigstilt. Vidare heiter det at «det er videre forhold knyttet til drift, arbeidsdeling, versjonsoppdatering mm som gir driftsmess


































































































