Dei siste vekene har Khrono og fleire andre medium skrive om konflikten ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Status no er at dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er omplassert, noko høgskulen meiner dei har høve til ifølgje styringsretten. Ho er ikkje samd, og har via fagforeininga Samfunnsviterne klaga på vedtaket.
Det er ei utfordring at ikkje alle er samde, og eg har ikkje per no ei eintydig oppskrift på korleis me skal jobba med arbeidsmiljøet. Odd Ragnar Hunnes Dekan
- Me meiner vedtaket i realiteten er ei oppseiing, og at vedtaket er gjort på feil måte, sa seniorrådgivar Geir Waage Aurdal til Dagens Næringsliv før helga.
- Ser ein på Ark-undersøkinga frå 2015 skåra Avdeling for mediefag litt lågare enn resten av høgskulen på enkelte punkt. Men i undersøkinga i 2018 er resultata mykje dårlegare. Eg vart ove