Produsenten i Klepp kommune er ein av elleve produsentar i Rogaland og Hordaland som deltek i eit nytt forskingsprosjekt, der målet er å utvikle lønnsame metodar for å dyrke morellar i veksthus og tunnel.
- Vi har forska på tomatar i 70 år, men intensiv veksthusdyrking av søtkirsebær har vi berre prøvd i tre år, seier prosjektleiar Åge Jørgensen ved NIBIO. Han synest resultata så langt har vore svært lovande og meiner norske morellar bør ta ein del av marknaden utanom vanleg sesong.
- Eg ville aldri rådd nokon til å byggje nye veksthus for å dyrke morellar. Men det er ei god ressursutnytting å bruke eldre anlegg, som ikkje held dagens energikrav for å dyrka tomatar og andre varmekrevjande kulturar. Me treng ikkje tilføre energi for å produsere søtkirsebær i veksthus. Samstundes utnyttar me dei andre fordelane og teknikkane vi har her, seier Jørgensen.
I veksthuset står trea me


































































































