Lygrepollen ligg vakkert til i Fusa kommune, sør for Bergen. Det er eit nesten heilt innelukka sjøbasseng som kiler seg inn frå Bjørnefjorden, fjorden mellom Os, Tysnes, Austevoll og Fusa.
Her bur Veronica og Dag Kyrre Lygre saman med borna Kaia og Teo. Familien har geiter, fleire hestar og nokre høner på garden.
Paret tok over garden etter hans foreldre, som no er pensjonistar, men bur på garden, i 2006. Dei har 70 mjølkegeiter på garden, og geitost frå Lygrepollen har blitt ei sterk merkevare for ostekjennarar i Hordaland.
- Vi foredlar all geitemjølka sjølve, og Bondens marked er blitt vår viktigaste salskanal. Gjennom sesongen er vi på marknaden kvar 14. dag. Vi har med oss brun geitost, egg, kefir og kvarg, ein ferskost som blir laga ved å syrne mjølk og skilje ostemasse frå myse. I tillegg leverer vi brun geitost til nokre butikkar, dei fleste lokale, seier Dag Kyrre Lygre.
Foreldra starta ysteriDet var foreldra som kjøpte garden i 1979. Foreldra dreiv fyrst med mjølkekyr, men gjekk over til geiter og starta med ysteri og geitost i 1990.
- Det var ikkje lett for dei under oppstarten. Det er nok mykje lettare for oss no, både fordi det er enklare å få godkjenning til å yste, og at lokal- og kortreiste mat er mykje meir etterspurt enn det var den gang, seier Lygre.
I år har dei seld ca. 1500 kilo med geitost, til rundt 350 kroner kiloen.
- Det er mamma si osteoppskrift vi brukar. Ho var veldig nøye, og vi får mykje skryt av osten, seier geitebonden.


































































































