Khrono
15.06.2023
Høgskulen på Vestlandet manglar berre eitt mål før det kan søkja om å verta universitet, ifølgje arbeidsgruppa som har jobba med søknaden.
- Eg veit at me kjem til å verta universitet, sa Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) til Khrono våren 2022.
Les merDen gongen sa han at høgskulen sikta inn mot å senda søknad om universitetsstatus i løpet av 2023.
No ser det ut til at dette går i boks. I ei sak høgskulestyret får til orientering i styremøtet 15. juni, heiter det at arbeidsgruppa vurderer at alle krav er nådd - med unntak av eitt. Ein må ha hatt 15 godkjende disputasar i løpet av tre år på to av dei fire doktorgradsprogramma det per no er krav om.
- Prognosane seier at det


































































































