Brown Swiss og NRF
Talet på mjølkekyr går ned, samstundes som det er stor mangel på storfekjøt. Med den høge utrangeringsprosenten blir trenden forsterka, meiner Steinnes.
Sjølv har han satsa på å køyra to avlsliner i besetninga. Den eine består av NRF, medan den andre lina er av rasen Brown Swiss.
Les meir: Sterk økning i kjøttimporten
I lausdriftsfjøset sitt har han ei NRF-ku som er drektig med sjuande kalven, medan han har ei Brown Swiss som snart kalvar for sjette gongen.
- Eg prøver å avla og å halda på dei mest framtidsretta og haldbare NRF-dyra. I den andre halvparten av besetninga kryssar eg inn Brown Swiss.
Øyvind Steinnes har ein mjølkekvote på 297 000 liter. Talet på årskyr i besetninga er 39. Oksekalvane blir selde til liv. Overskot