Personleg held eg på med bygningsvern og bygging av tradisjonsbåtar. Då vil vi helst sjå trea på rot før dei vert hogne. Det har med karakteren på bork og kvist å gjera. Dei fortel mykje om det vi møter inne i treet.
Vi undersøkjer også ofte vekstrytme i treet. Vi vil helst ha tre som har vakse sakte i ungdomen såvel som i dei siste 20-50 åra før hogst. Sakte vokster i ungdomen fortel om grann kvist i nedste delen av stamma. Dertil blir alderen høg i høve til dimensjon. Det tyder sterk ved. Sakte vokster dei siste åra tyder høg del kjerneved. Det tyder varig vyrke både på gran og furu.
Når vi då har funne fram til vyrke som ser godt ut, er det om å gjera å stelle så fint som råd med dette til det er i hus eller farkost. Å stelle nt tyder at ytste årring skal vera så heil som råd. Dertil er det mest e ektivt om det er kvista innåt, slik at vi slepp å taka kvisten ein gong til. Noko av det hardaste arbeidet med å stelle i stand tømmer er �


































































































