Magasinet for fagorganiserte
25.05.2022
No skal ingen arbeidarar sleppe inn porten før verftet har full kontroll på kven dei er, lover leiinga og Fellesforbundet-klubben på Vard Søviknes. ?
SUNNMØRE: I starten av mai sleppte a-krimsamarbeidet i Møre og Romsdal ein rapport etter to år med kontrollar av underleverandørar på åtte verft i regionen. Funna var omfattande brot på grunnleggande lønns- og arbeidsvilkår.
NRK fekk vere med på eit umeldt tilsyn hos Vard Søviknes i oktober 2021. Vard Søviknes har dei siste åra spesialisert seg på å utruste cruiseskip, og var midt i innspurten av leveringa av det største så langt - luksusskipet Viking Octantis.
Under tilsynet fann a-krimsamarbeidet rumenske golvleggarar som jobba for ned i 30 kroner timen, 70 timars veker og tre veker i strekk utan fri. Advokaten til underleverandøren hevdar overfor NRK at dei tilsette fekk norsk minstelønn gjennom doble lønnsslippar.
Korleis kunne dette skje, og kva har verftet gjort for å rydde opp?
MISTA KONTROLLEN
- Vi føler oss lurt, seier klubbleiar Rune Torsvik i Fellesforbundet på Vard Søviknes.
- Det er kjedeleg for oss i klubben å få spørsmål på bygda om kvifor vi ikkje har oppdaga dette før. Men det er ikkje enkelt for oss å avdekke.
Torsvik trudde han hadde godkjent seriøse underleverandørar. Han forklarer: Når eit nytt prosjekt kjem til kai, blir verftsleiinga og dei tillitsvalde einige om ei liste over kva firma som skal vere underleverandørar. Problemet oppstod når underleverandørane sette ut arbeidet til nye underleverandørar, og det dukka opp arbeidarar med ukjende logoar på r
Les opprinnelig artikkelNRK fekk vere med på eit umeldt tilsyn hos Vard Søviknes i oktober 2021. Vard Søviknes har dei siste åra spesialisert seg på å utruste cruiseskip, og var midt i innspurten av leveringa av det største så langt - luksusskipet Viking Octantis.