AddToAny

Vi må kjempe både for miljø og menneske

Erik Tunstad peiker med rette på skuggesider i miljørørsla, ikkje minst i form av menneskeforakt, meiner Øyvind Strømmen. Han lister opp og drøftar tre tankefeil miljørørsla kan vera sårbar for, og kva konsekvensar dei kan få.
Eg synest kanskje Erik Tunstad si framstilling av mørke tankesett i miljørørsla er vel lettbeint. Han startar med utgangspunkt i ei gruppe «kulturpersonligheter og akademikere» som slutta seg til Extinction Rebellion sitt opprop, og hoppar deretter som haren: Frå Paul Watson sin misantropi via Hermann Göring sitt skogvern og fram til Greenpeace sin skepsis mot genmodifisert ris.

Ein ting er at Tunstad si framstilling - som han sjølv påpeiker - «ikke er veldig rettferdig overfor den jevne miljøverner». Men Tunstad løftar ein debatt det er verdt å ta, og ein diskusjon som ikkje minst er viktig for dei av oss som er opptekne av natur- og miljøvern.

Eg vil difor drøfta tre tankefeil miljørørsla kan vera sårbar for, og peika på kva konsekvensar dette etter mitt syn bør ha for grøn politisk tenking.

Tankefeil 1: Å setja mennesket til sides

Tunstad skriv om døme på misantropi - menneskeforakt - i miljørørsla, og har ingen vanskar med å finna døme på at menneskeheita vert skildra som kreft eller som virus.

Innanfor miljørørsla finn ein dei som vil erstatta antroposentrisme (mennesket i sentrum) med det som gjerne vert kalla økosentrisme eller biosentrisme (naturen i sentrum), tenking som står sentralt i den såkalla djupøkologien. Den mest sentrale norske bidragsytaren til denne er Arne Næss, som i eit av sine hovudverk - Ecology, Community and Lifestyle - avviser oppfatninga av menneske som åtskild frå sitt miljø, samstundes som han set fram det han kallar «egalitarisme i biosfæren - i prinsippet».

Dei siste to orda er ikkje uvesentlege, fordi Næss også peiker på at det umoglege i dette i praksis. Han set deretter fram at alt liv har same rett til å leva og å blomstra, og han seier at det å avgrensa dette til mennesket er antroposentrisme, og at det også har ein negativ verknad for menneska sin eigen livskvalitet.

Denne økofilosofien opnar for både ein sunn og ein usunn refleks.

Den sunne er å gje naturen ein eigenverdi. Den er verdt å taka vare på, også for si eiga skuld, og ikkje berre fordi den har nytte for oss. Å tillata seg sjølv å utfordra antroposentrismen - som eg sjølv vil hevda er ganske naturleg for mennesket - gjer det lettare å sjå andre verdiar i naturen enn dei økonomiske, og legg grunnlag for solidaritet ikkje berre med menneske, men også med dyr og natur.

Den usunne refleksen er at ein - paradoksalt nok - også risikerer å setja me

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

HVORDAN TA OPP NOE VANSKELIG?
Fri tanke 14.02.2024
Når verden brenner og barn blir drept, er det vanskelig å føle nok omtanke for alle som trenger det. Hvordan klare å holde fast på denne mest menneskelige egenskapen?
Fri tanke 14.02.2024
- Hvis de bestemmer seg for å gjøre en demon ut av deg så greier de det, sier humanisten Gáspár Békés. Til slutt måtte han flytte utenlands.
Fri tanke 14.02.2024
Den som utforsker kvinnehelse generelt - og kvinners menopause spesielt - kommer fort til følgende konklusjon:
Fri tanke 14.02.2024
Det mest overraskende du kan si på internett er antagelig ikke «fitte» eller «idiot», men «jeg håper det går bra med deg?».
Fri tanke 14.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt