Mange av institusjonane har de facto gjennom inkluderinga av tidlegare høgskular fått eit utvida samfunnsmandat med lokal og regional adresse. Sveinung Eikeland Viserektor UiT
Kanskje blei artikkelen ein av dei mest fortrengde i universitets- og høgskulesektoren. Uansett, utviklinga etter 2009 har stadfesta mønsteret. Det store fleirtalet av studentar ved dei fleste institusjonane kjem frå regionen rundt universiteta og høgskulane. Det store fleirtalet av kandidatar tek jobb i dei same regionane. Kombinasjonen av oppvekst nært ein institusjon og studiar ved «næruniversitetet» aukar sjansane for at kandidatane tek jobb i «hjemtraktene». Dei to siste utsegna baserer seg på UiTs kandidatundersøkingar, men eg reknar med dei er moglege å kjenn