Dei 75 vinterfôra sauene til Bjarte Galta og Siv Elin Vea har det lyst og triveleg. I nordenden av eit pensjonert drivhus er det gravd ut gjødsellager, støypt opp mur og lagt plastrister over. Med hjulgrabben sørgjer han for at grovfôret blir fordelt utover på fôrbrettet.
Det 970 kvadratmeter store huset deler sauene med både traktor, treskar, reiskapar og eit par båtar. Om bonden skulle bli lei av jobben på flyterigg i Barentshavet, er det ikkje plassen i sauehuset det står på. Her er det mogleg å gjere plass til fleire sauer.
I sjølve drivhuskonstruksjonen er det ikkje all verda av brennbart materiale, men nye forskrifter gjer at brannvarsling må til. Og sjølv om prislappen på brannvarslingsanlegget kom på godt over 100 000 kroner, er sauebonden glad for at han har gjort investeringa.
- Det er ein stor kostnad å ta for 75 vinterfôra sauer, men ein har jo ikkje noko val. Dessutan er det trygt og godt å ha eit brannvarslingsanlegg i alle hus på garden. Me har jo varslarar i alle etasjane, både hos oss og i huset til foreldra mine. Det er trygt og godt. Foreldra mine blir jo ikkje yngre med åra, seier Galta.
ASPIRASJONSANLEGG I FJØSENI sauehuset har Galta aspirasjonsanlegg. Det sug heile tida luft til eit deteksjonskammer. Det er svært følsamt for røyk og detektere


































































































