BUSKAP
05.02.2018
Livet som bonde er fylt med oppturar og nedturar. Lukke over at prosjekt blir vellukka og uro når dyra blir sjuke.
Snøven har lagt seg over hus, fjøs og marker. Etter kveldsstellet lyser månen kvit, og det er ikkje råd å ta kveld heilt enno. Rattkjelkane vart pussa støv av. På toppen av bygda kan vi nyte utsikta. Det er lys i både hus og fjøs. Nokre fjøs med kyr, nokre med sau og andre med ammekyr. Ei fin landbruksbygd! Turen ned den lange bratte vegen var som då eg var lita, skummel og kjekk på same tid. Vinteren har sin sjarm.
Prosjekt «Kalv i garasjen»
Det er stille i garasjen. Der skulle det eigentleg vere eit yrande kalveliv no, men i staden så er lyset slått av og alle kalvane vi har att står fordelt inne i dei to fjøsane. Var det eit mislukka prosjekt med kalv i garasjen? Nei, det var i høgste grad vellukka! Eit fantastisk liv for ein kalv å vere ute i frisk luft, springe rundt, ete, drikke og sove i den tørre og varme halmen. Det var rikeleg med plass til kalvane og det gav eit stressfritt miljø. Som regel så åt dei på same tid, sov på same tid og starta to å springe rundt, så hengde fort alle dei andre seg på leiken. Eg vart aldri lei av å sjå på kalvane. Eit høgdepunkt var når ny halmballe vart sett inn. Då herja d
Gå til medietProsjekt «Kalv i garasjen»