Khrono
12.05.2019
Ei arbeidsgruppe foreslår å flytte database for statistikk om høgre utdanning frå NSD til Unit, og la Unit overta eigarskapen for aksjeselskapet.
NSD Norsk senter for forskingsdata starta som ein samfunnsvitskapleg ressurs i 1971, og har heile tida hatt mål om å gjere forskingsdata tilgjengeleg. NSD er i dag eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet.
Les merSom ein del av gjennomgangen av strukturen i sektoren har ei arbeidsgruppe leia av OsloMet-dekan Ann-Helén Bay sett på verksemda, og i ein rapport kjem gruppa med råd om korleis NSD bør vere organisert i framtida.
Gruppa gir mykje ros til arbeidet NSD gjer, og understrekar at det er avgjerande viktig at kompetansemiljøet i Bergen bør bestå i framtida.
Bør konsentrere seg om kjerneverksemd
Men gruppa meiner likevel at oppgåvene ti

































































































