BUSKAP
24.02.2023
NLR har gjennomført feltforsøk med «Urea Gjenbruk» blanda i blautgjødsel.
Kan eit restprodukt frå fiskeoljeindustrien, med høgt innhald av urea, nyttast som gjødsel i eng? Tre år med forsøk og praktisk røynsle er lovande. Ein føresetnad er rett framgangsmåte. Urea som nitrogengjødsel har vore lite nytta i Noreg. Andre typar N-gjødsel, med nitrat-N og ammonium-N, er vanlege. I andre delar av verda er det omfattande bruk av urea.
Restprodukt i fiskeoljeproduksjon
Urea blir i dag nytta i prosessen ved framstilling av fiskeoljar, til menneskemat. Restproduktet, Urea G (Urea Gjenbruk) - eit tørt pulver - inneheld tilnærma 70 prosent urea, 20-25 prosent oljar og 5 prosent etanol. Rein urea inneheld 46 prosent N (nitrogen). Det er nær 3,1 kg N i 10 kg Urea G. Produktet inneheld ikkje svovel eller andre plantenæringsstoff. Urea G har i mange år blitt frakta til Sverige og molda ned i kornåkrar. Tilbakemeldingane er gode. Kan Urea G også nyttast i nærområdet på Vestlandet, på overflata av eng? Nyare forsøk syner at verknaden kan vere god også ved overflatespreiing på eng, ved rett framgangsmåte.
Eldre forsøk med urea
Urea kan takast opp direkte i røter og blad. Ved kontakt med jord kan enzym frå bakteriar, urease, omforme urea til ammonium og nitrat. Desse sambindingane blir tekne opp i røter på same måte som N i kalksalpeter og kalkammonsalpeter. Det er små skilnader i verknad mellom urea og andre typa
Gå til medietRestprodukt i fiskeoljeproduksjon