Utdanning
10.03.2017
Arbeidet med psykisk helse i skulen må gjerast heile tida.
I Ålesund kommune har vi utvikla eit kurs i psykisk helse for elevar på ungdomsskulane. Dette kurset har vi brukt i to år, og vi har no saman med Mental Helse fått midlar frå Extrastiftelsen til å vidareutvikle kurset og sikre vidare drift. Kurset har fått gode tilbakemeldingar, og vi ønsker å dele våre erfaringar. I denne artikkelen vil vi beskrive bakgrunn, innhald og metode for kurset. Vi vil fortelje om erfaringar og tilbakemeldingar frå elevar, foreldre og lærarar. Den psykiske helsa til elevar og tilsette i skulen heng tett saman med trivsel og læringsmiljø. Arbeid med psykisk helse i skulen handlar ikkje berre om å sette det på timeplanen. Det er noko ein jobbar med kvar einaste dag. Det handlar om korleis ein forstår kvarandre, rommar kvarandre og er opne for å vere til stades i relasjon til kvarandre.
Å undervise elevar i psykisk helse
Elevar i ungdomsskulen er ikkje ei einsarta gruppe. Dei har ulike erfaringar og bakgrunn. Nokre veit mykje om psykisk helse, andre ingenting. Vi har alltid spurt elevane før, eller i starten av kurset, om kva dei lurer på om psykisk helse. Elevane spør om alt frå: «Er det farleg å få slik psykisk helse? », «Er ein psykopat dersom ein har ei psykisk liding? », til: «Venninna mi skadar seg sjølv, men eg får ikkje fortelje det til nokon. Kva kan eg gjere? ». Mange har eigne erfaringar. Nokre av dei har fått ulike reaksjonar i timane og blitt følgt opp individuelt. Vi har valt å vere tydelege og direkte når vi snakkar med elevane. I programmet «Alle har en psykisk helse» har ein valt at elevane skal lære mest av kvarandre. Vår erfaring er at elevane også har stor nytte av å få faktainformasjon om psykisk helse frå fagfolk. Dei ser ut til å like ei blanding av undervisning og oppgåver der dei jobbar saman.
I dag veit vi kor avgjerande tidlege erfaringar i livet er for den psykiske helsa vår seinare. Det er skremmande at nokre av dei mest smertefulle opplevingane til born og unge framleis ikkje kan snakkast om. Dei har ikkje språk for å uttrykke det dei har opplevd, og dei kjenner seg utrygge på korleis dei vil bli møtt. Når vi spør ungdomar kvifor dei ikkje snakkar om psykiske problem, svarar dei at dei er redde dei ikkje vil bli forstått. Dei er redde for å bli erta og at det dei seie
Gå til medietÅ undervise elevar i psykisk helse