Som På Høyden skreiv førre veke har ein ikkje klagerett på ei underkjent doktoravhandling. Ein har høve til å koma med merknader til den sakkunnige vurderinga, og desse vert lagt ved vurderinga, som skal handsamast i fakultetsstyret. Dersom fakultetsstyret konkluderer med at saka ikkje er god nok for disputas, kan saka gå vidare til den sentrale klagenemnda. Då er det forvaltningsmessige høve ein kan klaga på.
Underkjent to gongar
Ei av sakene som skal opp i klagenemnda, er Ann-Kristin Molde si. På Høyden har skrive om henne før: I fjor vår vart avhandlinga hennar underkjent for andre gong. Saka har tatt lang tid, frå komiteen si innstilling om underkjenning kom før jul 2017 måtte det to rundar til i fakultetsstyret før vedtaket om underkjenning kom i mai 2018. Molde rekna med at saka skulle opp i den sentrale klagenemnda i januar-møtet, men begge doktorgradssakene kjem i staden opp i februar.
Molde si sak handlar om at ho har fått to svært ulike tilbakemeldingar på avhandlinga si. Då ho første gong fekk underkjent avhan