Premissen for å konkurranseutsette forskingsmidlar er sjølvsagt å fremje høg kvalitet på forskinga. Ein annan premiss er truleg at ein skal gje alle aktørar og institusjonar like vilkår for å få forskingsfinansiering. Dette er prisverdige omsyn. Men ettersom idealet om konkurranseutsetting i stadig større grad blir gjennomført og etterlevd, og no nærast er blitt eit mantra i politikkdokument, ser ein også tydelegare dei negative utslaga av systemet.
Dei negative ressursmessige konsekvensane av søknadsregimet er påpeikt av fleire; dette er altså ei velkjend nedside av systemet med stor grad av konkurranseutsetting av forskingsmidlar. I pressemeldinga etter sommarens tildelingar i Forskingsrådet går det fram at 260 forskarar (prosjekt) fekk støtte, medan over 2000 forskarar søkte om midlar på dei ulike programma.
Kva slags bruk av forskarårsverk representerer eigenleg denne søknadsaktiviteten? Bak kvar av dei ca 1800 prosjektsøkjarane som ikkje fekk støtte, står det forskargrupper som har lagt ned betydeleg tid og innsats på å utforme prosjekt som dei trur p�