Så langt er det ni kandidatar til seks stillingar. Berre éi av dei er kvinne.
Til saman skal det vere sju dekanar ved Universitetet i Bergen. Men Fakultet for kunst, musikk og design har ikkje bestemt når valet skal vera enno, og kven som stiller til dekanval der er uklart, sjølv om det er venta at interimdekan Gerd Tinglum vil melde seg som kandidat.
- Me treng kjønnsbalanse
Uansett utfall vil det ikkje bli fleire enn to kvinnelege dekanar ved UiB dei komande fire åra.
Dekan på Det humanistiske fakultet og påtroppande prorektor for forsking, Margareth Hagen, synest det er leit.
- Det er gode mannlege kandidatar som stiller, og det er ikkje til forkleinelse for dei. Men eg synest det er veldig synd at vi får så få kvinnelege kandidatar til dekanstillingane. No er eg dekan sjølv. Det er ein krevjande og spennande jobb, og me treng kjønnsbalanse i leiarstillingane, seier ho.
Ho meiner det er meir enn nok kvinnelege kandidatar å ta av på UiB.
- Det er veldig rart. Sånn som eg kjenner dei kvinneleg kollegaene mine på UiB, så er det mange sterke og svært kompetente kvinner, som ville klart dekanrolla fint, seier Hagen.
- Eg trur ikkje det er spesielt for kulturen ved UiB. UiB speglar samfunnet og denne type organisasjonar. Det er ingen grunn til at det skal vera så skeivfordelt her.
- For arbeidskrevjande
Fungerande hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved UiB, Kjell Erik Lommerud, trur heller at det er eit problem at få stiller i det heile tatt, enn at kvinndelen er låg.
- Noko av problemet er at universitetsleiinga har blitt skikkeleg arbeidskrevjande. Arbeidsdagen kan fort vere tolv timar om du tek med passeleg interessante middagar og representasjon. Dagen er bunden


































































































