Det skriv likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen sin leiar Hege H. Bye i eit brev til universitetsdirektøren sitt kontor, Det skriv På Høyden.
Det siste halvåret har seksuell trakassering og #metoo vore på agendaen òg i universitets- og høgskulesektoren. Det har kome fram historier om seksuell trakassering òg ved UiB. Men kor stort problemet er, det veit ein ikkje.
Vil nytta spørjeskjema
- Me veit ikkje om det er ein eller ti prosent av dei tilsette ved UiB som opplever seksuell trakassering, seier Hege H. Bye til På Høyden.
Me veit ikkje om det er ein eller ti prosent av dei tilsette ved UiB som opplever seksuell trakassering Hege H. Bye Leiar, Likestillings-komiteen, UIB
Ho seier at likestillingskomiteen ser for seg eit spørjeskjema som går ut til alle tilsette. Her vil ein kunne svara på om ein har opplevd seksuell trakassering og kva gr


































































































