Khrono
27.06.2017
Samarbeid i Vest. Assisterande fylkesmann, Gunnar Hæreid, er ikkje imponert over innsatsen Universitetet i Bergen gjer i Sogn og Fjordane, særleg når han samanliknar med Høgskulen på Vestlandet.
Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid meiner at Universitetet i Bergen er nesten usynleg i Sogn og Fjordane, og UiB-rektor Dag Rune Olsen, vedgår at universitetetkan hende er meir opptekne av det internasjonale enn detlokale.
Les merDette kom fram i ein debatt då Hæreid spissformulerte synet sitt på UiB under den årlege leiarsamlinga for Universitetet i Bergen (UiB), som blei halde på Solstrand nyleg, skriv På Høyden.
Naturleg å dratilOslo
- Universitetet i Bergen som institusjon er lite synleg i Sogn og Fjordane. Det er ikkje mykje skriving om UiB i avisene der, og dette er til dømes berre mitt andre personlege møte med Universitetet i Bergensom assisterande fylkesmann, fortelHæreid, som har vore assisterande sidan2011.
Hæreid er utdanna jurist - fråUniversitetet i Oslo.


































































































