Khrono
19.09.2019
Studentar ved Handelshøgskulen BI syns det er skremmande at det har blitt framsett alvorlege trugslar mot høgskulen. Dei etterspør betre informasjonsflyt og tryggingstiltak.
Nydalen (Khrono): Dagen etter at det vart kjent at det er blitt framsett alvorlege trugslar mot Handelshøgskulen BI i Oslo den siste tida, har den verste redselen lagt seg. Politiet har kontroll på ein mann i 20-åra som dei mistenker står bakog dei har opplyst at det er trygt og ferdast på campus.
Les merDet er jo skremmande og ekkelt at dette kan skje i vesle Noreg. Synnøve Dalseng Student ved Handelshøgskulen BI
Likevel har situasjonen gjort inntrykk på fleire.
- Det er jo skremmande og ekkelt at dette kan skje i vesle Noreg, seier Synnøve Dalseng som går første året på eigedomsmegling ved BI. Ho legg til:
- Vi har ein felleschat med fleire i klassa og der var det fleire som sa at dei vart skikkeleg redde.
Ho sit i atriet på eit bord saman med studievennina Maylen Svae.
Dei to er blant fleire Khrono har prata med som fekk nyss i trugslane før leiinga gjekk ut offentleg med informasjon i går. Det verserte rykter blant studentane i sosiale medium.

































































































