Khrono
02.03.2022
Boka vart presentert som ei ny bok for studentar, men førsteamanuensis Markus Jerkø kjende att mykje av teksten.
I fjor haust melde førsteamanuensis Markus Jerkø den ferske boka Grunnleggende sivilprosess i det juridiske tidsskriftet «Lov og rett». Tema for boka er sivilprosess, eit fagområde der det allereie finst mykje innføringslitteratur, skriv Jerkø. Han forventa difor noko nytt, som til dømes nytenkjande tematiske prioriteringar, nye prespektiv eller teoretiske nyvinningar.
Les merMen: «Slike forventninger lever utgivelsen dessverre ikke opp til», skriv Jerkø.
Khrono omtala førre veke ei bokmelding i Forskerforum, der stipendiat Tellef Solbakk Raabe meiner dosent emeritus Runar Bakken har sjølvplagiert i si siste bok. Bakken sjølv er ikkje samd i dette.
Jerkø skriv i meldinga at dei to forfattarane av Grunnleggende sivilprosess, Jussi Erik Pedersen og Jens Edvin A. Skoghøy, lener seg sterkt på Skoghøy si bok Tvisteløsning. Han peikar òg på Skoghøy som ein nestor i faget. Skoghøy var i mange år professor ved UiT Noregs arktiske universitet, men gjekk i 2020 attende til Høgsterett.
- Deler av Skoghøy sine kapittel ser ut til å ha vorte til ved klipp og lim frå forgje