Khrono
23.02.2021
Andreas Trohjell takkar for seg i studentpolitikken, etter tre år med heiltidsverv.
Det er førebels ingen tydelege leiarkandidatar til Norsk studentorganisasjon (NSO), har Khrono skrive. Heller ikkje sitjande leiar, Andreas Trohjell, ville då seia om han ser føre seg eit år i toppen av norsk studentpolitikk. Men no har han bestemt seg, og svaret er nei.
Les mer- Eg har vore studentpolitikar nokre år, og trur det er på tide at eg trer til side. Eg synest eg har fått utretta mykje, men trur det er godt for både organisasjonen og studentane at det kjem inn nokre andre, seier Trohjell.
Vil vera tidleg ute
Fristen for å melda kandidatur til heiltidsverva i NSO er 14.mars, og deretter skjer valet på NSO sitt landsmøte i slutten av april.
- Kvifor går du ut med dette no?
- Eg har te