Det har vore uvanleg varmt denne sommaren. Vêrstatistikken viser at det i snitt har vore fem gradar varmare enn normalt i Oslo den siste månaden.
Medan mange av oss har tatt ferie og set pris på dei høge temperaturane, er det andre som må møte på jobb og halde hjula igang.
Idrettsoperatør i Bymiljøetaten, Tom Halvorsen, har jobba med idrettsanlegga i Oslo kommune i tolv år. Saman med kollegene har han dei siste fire vekene jobba med å klargjere Ekebergsletta til Norway cup. Han seier dei er vand med varme der, men ikkje i den grad den bokstaveleg talt har vore denne sommaren.
- Du må få i deg mykje veske. Det går fort ein halvannan liter om dagen iallfall. Det er ikkje mykje skugge å gjemme seg i her oppe - det er ikkje mykje tre på ein fotballbane, seier han.
Tom Halvorsen legg vatnflaska i fr


































































































