- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
- Eg har jobba som tannlege ved offentleg tannklinikk, med barn, i 13 år. Eg kjende at eg ønska å gå litt vidare og fordjupa meg innan det fagfeltet.
- Kan presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har forska på barn mellom fem og tolv år. Femåringar har mjølketenner, når ein er tolv har ein fått permanente tenner. Eg har sett på ulike risikofaktorar for å utvikla karies, og undersøkt om det er slik at dersom ein har karies når ein er fem, er det då auka risiko for å òg ha det når ein er tolv? I tillegg har eg forska på om amming gir ein auka risiko for karies.
- Kva finn du?
- For å ta det siste først: Amming åleine gir ikkje karies. Då må ein òg sjå på faktorar som tannpu


































































































