Khrono
13.09.2017
Rettssak. Mannen i 30-åra hadde ei akademisk karriere foran seg. Men i løpet av kort tid gjekk det bratt utforbakke for han, og han blei stoppa av politiet med ei ladd, avsagd hagle.
No sit han tiltalt i Bergen tingrett for ei rekke narkotika-, vinnings og våpenlovbrot. Dei grovaste punkta er oppbevaring av over 800 gram amfetamin, bæring av våpen på offentleg stad og fleire grove tjuveri avvåpen, skriv På Høyden.
Les merEg hadde fått litt drapstrugsmål på førehand, og tenkte at eg trengte eit våpen for å beskytte meg, har mannen forklart om det han omtaler som den litt sinnsjuke perioden avmittliv.
Han har sagt seg skuldig i så godt somalletiltalepunkta.
Våpenjakt
Mannen var i 2016 på fleire tjuveriraid, særleg på jakt etter våpen. Bustader og hytter på Osterøy, Hjellestad og Hålandsdalen i Fusa blei gjennomsøkt, og ei hagle og fleire rifler blei stolne. I eit innbrot stal mannen med seg ein ryggsekk med leikar. Den forl


































































































