AddToAny

Tilsette ved Høgskulen på Vestlandet krev meir demokrati

Høgskulen med ambisjonar om å bli universitet har verken fakultetsstyre eller kollegialt organ på instituttnivå. No har tilsette skipa eit forum for høgskuledemokrati.
- Det er jo ikkje noko grad av demokrati her. Det er berre på styrenivå at tilsette har røysterett, seier Kristoffer Jul-Larsen ved Høgskulen på Vestlandet.

- Jo, me har eit demokrati ved høgskulen, meiner rektor Gunnar Yttri.

Instituttet Kristoffer Jul-Larsen og Heidi Støa er tilsette tel omlag 190 personar. Fakultetet deira har mellom 500 og 600 tilsette. Men ikkje på noko av desse nivåa finst det eit organ der tilsette kan vera med på å fatta vedtak, anna enn gjennom fagorganisasjonane.

- Me manglar gode nok strukturar for medverknad og medbestemming, som set faglegheit i sentrum, skriv dei to i eit lesarinnlegg i Khrono.

Jul-Larsen og Støa er initiativtakarane til Forum for høgskuledemokrati ved Høgskulen på Vestlandet. Då det første møtet vart arrangert seint i august var det meir enn hundre tilsette som møtte fram - nokre fysisk, andre digitalt. Eit godt frammøte, men ikkje veldig overraskande, meiner dei to.

Dei to førsteamanuensane nemner fleire saker frå Høgskulen på Vestlandet dei siste åra: Cellekontor og bokhyller, samanslåing av fakultet, nedlegging av bokhandel på campus i Bergen og nedskalering av engelskfaget i Sogndal.

- Det er i lita grad mogleg å eiga saker sjølv. Det er store einingar, både på fakultets- og instituttnivå, men lite autonomi, seier Jul-Larsen.

Tre utan fakultetsstyre

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av få. Av universiteta er det berre Nord universitet som ikkje har fakultetsstyre. Dei to høgskulane med uttalte universitetsambisjonar, HVL og Høgskolen i Innlandet, har det heller ikkje. Dei ni andre universiteta har.

Universitetet i Søraust-Noreg hadde heller ikkje slike organ då det vart organisert som Høgskolen i Søraust-Noreg, og også OsloMet mangla dette då Høgskolen i Oslo og Akershus vart universitet i 2018.

- OsloMet er eit av landets minst demokratiske universitet, heitte det i ein rapport frå 2018, som Khrono har skrive om.

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt