Vi vurderer at reisene har god nytte, elles ville vi ikkje gjennomført dei. CO2-avtrykket er ei side, men det har jo også økonomiske kostnader. Dag Rune Olsen Rektor, UiB
På talarstolen i ein fulllsett aula skal han seie noko om kor urettferdig fordelt tilgangen til forsking og utdanning er i verda, som skal diskuterast på konferansen. Truleg vil han seie nokon ord om UiBs høgt profilerte berekraftsatsing og universitetets overordna mål, slik dei er formulert i miljøhandlingsplanen: «Stoppe klimaendringene () systematisk senke klimagassutslippene». Deretter startar første sesjon under slagordet «Living the goals».
Seinare i månaden reiser rektor vidare: Til Brussel, Beijing, og etter nokre dagar i heimlandet, til Athen. Deretter går turen til Boston, USA. Då reiser han ikkje åleine.
På Høyden har tidlegare avslørt Olsensklimaavtrykk knytt til flyreiser. I 2018 var det på minst 27 tonn CO2-ekvivalentar (alle klimagassar), og han var med det klimaversting blant rektorane i Noreg med eit avtrykk fire gonger større enn gjennomsnittsnordmannen. Olsen fekk mellom anna kritikk frå professor og ekspert på klimapolitikk, Carlo Aall, som skulda Olsen for å ha «tatt ein Solheim» - med referanse til den avgåtte klimasjefen i FN Erik Solheims ekstravagante reiseprogram.
Flyreiser er den største enkeltkjelda til klimagassutslepp ved UiB, det same er situasjonen ved dei andre store forskingsuniversiteta. Samstundes skal UiB bli klimanøytralt innan 2030.
Busslast til Boston
Delegasjonen til Boston tel 27 menneske og inkluderer rektoratet, universitetsstyret, dekanar frå alle fakultet og delar av staben på Muséplass 1. Med på reisa er mellom anna kommunikasjonsdirektør Tor Godal og museumsdirektør Henrik von Achen. Univer

































































































