Bedre Skole
10.11.2022
Boka til Halvor Bjørnsrud og Sven Nilsen, Tidlig innsats - i en skole for alle?
, tar opp tematikken tidleg innsats, eit prinsipp som har fått godt feste i barnehage og skule, og som er godt dekka gjennom faglitteratur dei siste åra. Det er i skjeringspunktet mellom individuell tilpassing for den enkelte elev og tilpassing for utvikling av eit sosialt fellesskap at læraren skal utvikle eit miljø som støttar god læring og utvikling av inkluderande psykososiale miljø. Prinsippa tidleg innsats og tilpassa opplæring er ein del av skulen sine grunnleggande verdiar, og skal legge grunnlag for å førebygge vanskar og støtte meistring hos ei mangfaldig elevgruppe. Det førebyggande arbeidet vert framheva som ein del av tidleg innsats, og skildra som ein integrert del av arbeidet i skulen. Det å ha eit førebyggande fokus vert trekt fram som viktig, og det vert poengtert at skulen har ei unik rolle av di han er ein møtestad for alle barn og unge. Teksten summerer godt opp ved å påpeike at arbeid med tidleg innsats inneber god pedagogisk tilrettelegging så tidleg som mogeleg. Eit artig språkleg verkemiddel ein finn i Edvard Befring sitt kapittel, er å trekke omgrepet tidleginnsats saman til eitt ord. Denne lesaren tolkar det som ei påminning om at desse to orda er så tett vovne saman at dei skal sjåast som ein heilskap.
Offentlege dokument
Omgrepet tidleg innsats har eksistert i offentlege dokument i lang tid. Det dukka opp i M
Gå til medietOffentlege dokument
Omgrepet tidleg innsats har eksistert i offentlege dokument i lang tid. Det dukka opp i M