BUSKAP
09.12.2019
Godt avlsarbeid lønner seg i form av at det gir velfungerande og friske dyr. Ingrid Birgitte Holm og Tore Kristian Kristensen legg saman med avlsrådgivar Hans Snerting ein plan for avlsarbeidet, og inga ku vert inseminert utan at det ligg ei grundig vurdering bak valet av okse.
Det driftige paret i Sparbu GS-testar alle kvigekalvane, og avlsverdiane vert på dette viset sikrare enn ved tradisjonell berekning av avlsverdi basert på gjennomsnitt frå far og mor. Besetninga har middel avlsverdi på 11,3, og dette er eit godt mål på at dyra har gode gener. Til samanlikning ligg snittet for landet på om lag 8. FS - talet (fruktbarheitsstatus) i besetninga ligg jevnt på over 80, og dette viser at paret har full kontroll på å få kyrne drektige til anbefalte tider.
Avlspla
Gå til medietAvlspla


































































































