Fagbladet
11.08.2023
Når du kjøper ein mobil, har Google og Apple lagt inn eit skjult program: - Det mogleg å skru av alarmen og nødvarslinga, fortel beredskapskoordinator Thomas Bekkenes.
Korleis er det mogleg for myndigheitene å sette i gang ei sirene, sjølv når mobilen står på lydlaus? Thomas Bekkenes har jobba med offentleg beredskap og IT-sikkerheit i over ti år. Han fortel at myndigheitene får hjelp av teknoselskapa:
Les mer- Det nye nødsystemet skjer via ein funksjon som er installert når du kjøper telefonen. Ein funksjon som er bakt inn i operativsystemet. Den er ikkje som WhatsApp eller appar som du får varslar frå. Du kan ikkje sjå at varslingssystemet ligg der. Produsentane har laga systemet som myndigheitene får tilgang til i nødssituasjonar.
Privat
Millionar ulande mobilar
Tidlegare i sommar gjekk det av sirener i fleire millionar mobiltelefonar i heile landet. Då testa myndigheitene det nye nødvarselet. Etter at uveret «Hans» hølja ned, har det ula i fleire hundre tusen telefonar i dei flaumramma områda. Og i Oslo. Det nye varslingssystemet Emergency Location Service (ELS)


































































































