Forskerforum
26.02.2024
Får teknisk-administrativt tilsette ein betre kvardag når kunstig intelligens kan utføre dei kjedelege oppgåvene? Det vonar James Hosea.
KUNSTIG INTeLLIGeNS Etter at generative kunstig intelligens-verktøy som til dømes ChatGPT vart tilgjengelege for personen i gata, er kunstig intelligens (KI) blitt noko «alle» har eit forhold til. Men, som Forskerforum skreiv i førre nummer, er det førebels ikkje klart akkurat korleis KI kjem til å påverke organisasjonane i kunnskapssektoren. KI får større plass i forskinga, mellom anna med hjelp frå regjeringas KI-milliard. Men kva med administrasjonen?
- Ein spør seg jo: Korleis vil dette påverke meg? Kva er risikoane og moglegheitene? Vil KI ta alle jobbane våre? illustrerer James Hosea, seniorrådgjevar ved Seksjon for utdanningskvalitet ved Noregs handelshøgskole (NHH). Hosea leier Forskerforbundets forening for teknisk/administrativt tilsette (FFTA).
KI I ARBEIDSLIVET
KI er raskt blitt del av ein større diskusjon om produktivitet og automatisering i arbeidslivet, ein diskusjon som har gått føre seg i meir enn hundre år, og der det jamleg kjem spådommar om at store delar av arbeidsstyrken vil bli gjorde overflødige av nye former for automatisering. Når KI-verktøy no kan skrive all den generiske teksten som offentlege verksemder produserer kvar dag, kan ein kanskje tenkje seg at mange tilsette vil bli rasjonaliserte vekk.
Hosea legg i staden vekt på behovet for kompetanseheving.
- Generative KI-verktøy er noko nytt og kan verke skummelt, og då blir kompetanseheving viktig. Eg ser det s
Gå til mediet- Ein spør seg jo: Korleis vil dette påverke meg? Kva er risikoane og moglegheitene? Vil KI ta alle jobbane våre? illustrerer James Hosea, seniorrådgjevar ved Seksjon for utdanningskvalitet ved Noregs handelshøgskole (NHH). Hosea leier Forskerforbundets forening for teknisk/administrativt tilsette (FFTA).