Psykisk helse
02.03.2022
Rett til gratis tannbehandling er ingen garanti for betre tannhelse. Trass rettar etter tannhelselova har folk med langvarige psykiske helseutfordringar meir tannhelseproblem enn resten av folket, og mindre bruk av tannhelsetenester.
Tannhelse er viktig for generell helse, livskvalitet og velvære når det gjeld å kunna eta, smila og fungera saman med andre. Personar med langvarige psykiske helseutfordringar har særskilte utfordringar med å få tilgang til tannhelsetenester. Denne gruppa har rett til gratis tannbehandling på særskilte vilkår, ein rett som er sikra i tannhelselova og er forankra i norske målsetjingar om å sikra likskap i helse på tvers av sosiale føresetnader. Likevel veit me at ein del som har denne retten til gratis tannbehandling aldri eller svært sjeldan nyttar seg av tannhelsetenestene, sjølv om dei har store behandlingsbehov og ofte tannsmerter. Dette betyr at ei tannhelsereform må handla om meir enn økonomi og ordning med frikort og trygderefusjon. Det må også handla om å sikra reell tilgang til tannhelsetenesta for dei som treng det.
Les merUtgangspunktet for denne teksten er resultat frå eit forskingsprosjekt eg har deltatt i og leia gjennom fleire år om tannhelse og tannbehandling for personar som har langvarige psykiske helseutfordring


































































































