Mjølkeproduksjonen er teken ned med 5 prosent dei siste to åra, og vi risikerer ytterlegare nedgang (7-9 prosent) når det vert slutt på eksporten av Jarlsbergost i 2020/2021. Dette kan bety eit omsetningstap på langt over ein milliard for norske mjølkebønder. Vi har dei siste åra sett at volumveksten blir teken av import. Vi ser ein aukande produksjon av frukt, bær og grønt, samtidig finn vi utanlandske eple saman med norske eple midt i den norske sesongen.
Skal vi gå inn i denne fireårsperioden og håpe det går bra, eller skal vi sette i gong eit «skippertak» slik at vi kan auke volum av norsk produserte matvarer i heimemarknaden? Dessverre er det ingen enkel løysing på desse utfordringane. Det vil vere trong for eit sett a

































































































