BUSKAP
13.05.2022
- Vi vil anbefale denne utdanninga til alle yngre bønder som vil satse på mjølkeproduksjon. Det finst ikkje betre kurs å ta, slår Nils og Katrine fast. Dei er halvvegs i den samlingsbaserte utdanninga til Fagskulen Vestland, der dei lærer alt som trengst for å lukkast som mjølkebonde.
Bergensaren Nils har ikkje alltid drøymt om å bli bonde.
- Men Katrine, som kjem frå gard på Voss, fekk meg med på å spele Farming Simulator. Det var nok det som vekte interessa mi for gardsdrift, avslører Nils. Då hadde kjærasten lenge prøvd å få han hekta på gardslivet. No sit han på kroken, og har funne ut at røyndomen er meir spennande enn spelet.
Katrine Isabel Jensen (23) og Nils Høegh-Krohn(24) går på Fagskulen si utdanning i mjølkeproduksjon med bruk av robot-teknologi. Nils har agronomutdanning frå før, medan Katrine er utdanna blomsterdekoratør. Noko røynsle med praktisk gardsdrift har dei begge, frå garden til Katrine si mor.
Kun
Gå til mediet- Men Katrine, som kjem frå gard på Voss, fekk meg med på å spele Farming Simulator. Det var nok det som vekte interessa mi for gardsdrift, avslører Nils. Då hadde kjærasten lenge prøvd å få han hekta på gardslivet. No sit han på kroken, og har funne ut at røyndomen er meir spennande enn spelet.