Artikkelen er ei formidling av funn frå ein studie der kombinasjon av ressursforelesing og case-seminar er gjennomført på ein systematisk måte gjennom eit studieår, samt case som eksamensform, noko som i liten grad er gjort tidlegare i ei spesialutdanning i sjukepleie. Materialet byggjer på data frå loggbøker og eit spørjeskjema etter avslutta gjennomføring og eksamen.
Studentaktive undervisningsformer som problem- og case-basert læring er særleg godt eigna til å engasjere studentane (1). Case-basert undervisning i utdanning av sjukepleiarar ser også ut til å utvikle større grad av evne til refleksjon og kritisk tenking enn tradisjonell undervisning med forelesing åleine (2-4).
Forelesing blir gjerne framstilt som ei motsetning til studentaktive læringsformer (5). Om forelesing blir einaste arbeidsform, kan den vere passiviserande fordi den ikkje har same høve til å engasjere studentane i ei aktiv eller interaktiv form for læring (1, 5). Forelesinga kan likevel vere ein ressurs når målet er å gi ei oversikt over ny kunnskap der både teori, forsking og erfaring kan formidlast og oppklarast på ein effektiv måte (5).
Motivasjon, følelsar og vilje er grunnleggande for å kunne involvere seg i læringsprosessar.
Motivasjon, følelsar og vilje er grunnleggande for å kunne involvere seg i læringsprosessar (6). Mange studentar har ei strategisk læringstilnærming der eksamen er ei sentral motivasjonskjelde. I læringsarbeid blir det viktig å bruke eksamineringsmetodar som er i samsvar med læringsformer undervegs i studiet, og som etterspør den kunnskapen som ein ynskjer studentane skal lære (7).
Det er i liten grad gjort studiar på ulike læringsformer som kombinerer både ressursforelesingar og systematisk bruk av case over lengre tid (8). For å fremje ei systematisk tilnærming vart det i denne studien utarbeidd kriterium både for utforming av case og for korleis case-seminar skulle gjennomførast.
Metode
Mål for læringsarbeidet og val av varierte undervisningsformer, som case-seminar som læringsform og case som eksamensform, samt ressursforelesingar, vart tydeleggjort og grunngitt til studentane i starten av semesteret. For å få oppdaterte og relevante case frå klinikken vart spesialsjukepleiarar invitert til å lage case i samarbeid med emneansvarleg, med utgangspunkt i ein rettleiar (tabell 1).
Vi plasserte ressursforelesingar og case-seminar om same tema nær kvarandre i tid på timeplanen i løpet av studieåret. Ressursforelesingar om ulike sjukdomstilstandar vart gjennomført av s


































































































